|
Vifte/delta som får tilført smeltevatn frå Nomedalsjøkulen. Massetak på land med velgraderte massar. Bekken byggjer ut ei bratt vifte i sjøen og avset sand ned til ca 30 m vassdjup. Vifta fyller opp bak og delvis over morenerygg.
Vifta er ein mogleg førekomst for uttak av graderte massar. Prøve P9706125 viser sand med gruskorn og med eit glimmerinnhald på 26% i fraksjonen 0.5-0.1 mm og 14% i 0.125-0.250 mm. Vifta har eit areal på ca 70000 m2, ei gjennomsnittleg mektigheit på 15 m og eit sannsynleg volum på omlag 1 mill. m3. Kor mykje som er nyttbare ressursar er usikkert.
|