|
Stort delta med slak front og stor materialtilførsle. Deltaet har finsand på vassdjup grunnare enn ca 20 m, silt djupare. I massetak på land består massane 50-50% av svake og sterke korn.
Den undersjøiske delen av deltaet ned til eit vassdjup på 20 m er ein mogleg førekomst for uttak av graderte massar. Prøvene P9706137-139 viste fin sand, medan prøvene P9706134-136 viste silt. P9706138 er analysert for mineralinnhald i sandfraksjonane 0.5-1.0 mm og 0.125-0.250 mm. Fraksjonane hadde 50 % og 72 % glimmer/skifer. Det er trekt ut eit areal på ca 1 mill. m2, men deltaet har sorterte massar inn på land slik at arealet kunne vore større. Førekomsten har ei gjennomsnittleg mektigheit på 15 m, så volumet av sorterte massar er i alle fall større enn 15 mill m3. Kor mykje som er nyttbare massar er usikkert.
|