|
Stort delta med bratt front, som tidlegare hadde stor materialtilførsle. Naust frå rundt århundreskiftet ligg i dag langt inne på deltaflata. Elva er no regulert, vassføringa mykje mindre. Sannsynlegvis er sedimenttilførsla sterkt redusert.
Deltaet er ein mogleg førekomst for sand og grus. Prøve P9706127, utanfor elvemunningen på ca 10 m vassdjup, viste sand med nokre steinar og høgt innhald av tre- og bladrestar. På ca 30 m vassdjup består botnen av siltig sand. Sanden har høgt innhald av glimmer. Fraksjonen 0.5-1.0 mm har 38 % fri glimmer, medan 0.125-0.250 mm har 39 % skifer/glimmer. Deltaet, frå flomålet til ca 20 m vassdjup, dekkjer eit areal på ca 1.9 m2. Ei gjennomsnittleg tjukn av sand og gruslag på 15 m gir bortimot 28 m3 graderte massar i deltaet. Kor mykje av dette som er nyttbare massar er usikkert.
|