|
Deltaavsetning, avsett opp til marin grense. Elva har erodert ut terrassar. Snitt i vegskjeringane viser lagdelt og godt sortert sand og grus i dei øverste metrane. Nedenfor garden Sva er det eit mektig lag av silt/leir under sand/gruslaget. Tjuknaden er ukjent, men det er truleg sand-/gruslag under silt-/leirlaget. Det er mest lausmassar på austsida av elva. Elva renn på fjell. Silt/leirlaget har truleg ein viss utbreiing i avsetninga. Uttak i avsetninga kan kome i konflikt med dette finstoffet. |