GRUSDATABASEN

Forekomstområde 167030
Tromsø (5501) kommune, Troms fylke.
Navn på forekomstområdet: Straumsnes
(Sist oppdatert 01.sep.1997)

Lokalisering
Kart 1:50000 : Ullsfjord (1534-2)
Markeringspunkt: EU89-UTM Sone 34
X-koord: 450315 Y-koord: 7722269
Ressurs
Råstoffbetydning* : Ikke vurdert *Råstoffbetydning: Klassifikasjon per 2015, er under revisjon.
Materiale : Sand og grus

Beskrivelse
Sørfjorden og Ullsfjorden er skilde ved eit smalt sund gjennom ei mektig israndavsetjing, Skardmunken. Avsetjinga tilhøyrer Tromsø-Lyngen trinnet og blei avsett under Yngre Dryas. Den er danna som ei undersjøisk vifte og bygd opp av grus, sand og silt. Overgangen mellom skrålag til flate botnlag dvs overgang frå grusig sandig materiale til meir sandig siltig materiale går omlag i dagens havnivå (Lønne 1993). Seismikken gjennom sundet viser at ryggen ligg på ein fjellterskel, men at det ligg minst 80 m sediment under vifta før ein når fjell. Frå seismikken kan det sjå ut som vifta i hovudsak kviler på lagdelte, glasimarine sediment dvs silt og leir.
Sandige deler av vifta ser ut til å nå under havnivå og i belter over sundet vil botnen bestå av sand i nokre meters djupne. Uttak av massar i sundet kan føre til erosjon. Sand erodert ut i sundet er transportert med straumen og avsett som ein tange, Mækken, på austsida av sundet
inn i Sørfjorden. Dersom denne utbygginga framleis er aktiv, kan det vere mogleg å ta opp sand utanfor sørspissen av tangen utan å øydelegge massebalansen og få erosjon innover land.

Sjølve ryggen i sundet er ein mogleg førekomst for uttak av sand. I belter over sundet består botnen truleg av sand med nokre meters mektigheit i tillegg til at det kan ligge sanddyner i sundet danna av den sterke straumen som går igjennom. Andre deler av sundet vil ha siltige massar i botnen. Arealet av ryggen i sundet er " 300000 m2, men volum av uttakbare massar er svært usikkert. Det er ikkje teke prøver.

Avsetning
Type(r) : Breelvavsetning Form(er) : Randmorene

Litteratur Ingen prøver/analyser


Denne utskriften ble generert 29.04.2024
Spørsmål eller kommentarer vedrørende utskriften kan sendes til:
ressursdatabaser@ngu.no
Copyright © 2024 Norges geologiske undersøkelse