Gjøre oppslag i Grus-, Pukk- og
Steintippdatabasene

Fylke : Sogn og Fjordane (14) Velg et annet fylke
Kommune: Flora (1401) Velg en annen kommune


Ressursrapport pr.20.04.2009


Byggråstoffsituasjonen

Flora kommune er fattig på sand og grusressursar, men har samtidig gode ressursar som kan brukast til pukk. I alt er det registrert 15 sand- og grusførekomstar i kommunen. Av desse er 8 berekna til samla å innehalde 3.2 millionar m3. Dei andre inneheld òg sand og grus, men på grunn av at dei enten er tynne, at arealet er vanskeleg å vurdere eller at innhaldet av sand er høgt, er volumet ikkje berekna. Av dei 15 førekomstane er 13 små sand- og grusførekomstar, 1 førekomst av ur/skredmassar og 1 steintipp. I desse er det registrert til saman 3 sporadiske og 1 nedlagt uttak av grus i 2007. Mange av førekomstane er bandlagde av dyrka mark og hus.
Av ulike årsaker er dei mengdene som kan brukast som råstoff, langt mindre enn det totale volum. For å få et meir realistisk bilde over mengda ressursar som kan bli utnytta har NGU utarbeida ein modell for berekninga av forekomstenes totale og utnyttbare volum. Ved bruk av denne modellen for vil dei mengdene som kan nyttast til byggetekniske formål være ca. 2,3 mill. m3, ein reduksjon til ca 72 %.
Eit mål i forvaltninga av grus- og pukkførekomstane er å sikre tilgangen til desse ressursane i framtida og hindre at viktige førekomstar blir bandlagte av arealbruk som gjer framtidig utnytting umogleg. For å skilje mellom førekomstane, og gi et faglig grunnlag for kommunen si handsaming av grus og pukk i arealplanarbeidet, har NGU vurdert førekomstane og gjort ei klassifisering av kor viktige dei er i forsyninga av byggeråstoff. Førekomstane er klassifisert som særs viktige, viktige, lite viktige og ikkje vurdert. Oversikt over grusforekomster og pukkforekomster viser førekomstane i kommunen og kor viktige dei er som ressurs for råstoffutvinning. I kartdatabasen er førekomstane skilt med fargesymbol.
Ingen sand og grusførekomstar er vurderte til å være særs viktige i Flora kommune. 5 sand- og grusførekomstar er klassifisert som viktige i forsyninga av sand og grus i kommunen.
Førekomst 10 Osen består av tre avskilte avsetningar som er isrand-terrasserestar. Det øvste terrassenivå ligg på 30 m o.h., og eit på 10 m o.h. Det er eit masseuttak i sporadisk drift sørenden av Litlefloten. Snittet viser tydeleg lagdeling (skrålag). Vegvesenet opplyser at bergartane er av jamn og god kvalitet med omsyn på slitestyrke. Massane egnar seg truleg godt for lokale veger.
Førekomst 9 Store Høydal er det geologane kallar ein erosjonsrest etter ein tidlegare sandur. Sandurflata heller mot fjorden. 5-6 m mektig topplag over godt utvikla skrålag av sortert sand, grus og stein. Elvevifta inneheld og sand, grus og stein. Tidligare vart det òg grabba etter sand og grus utafor elvemunninga. Det ligg eit nedlagt massetak i avsetninga. Lokalt er dette ein viktig ressurs.
Førekomst 13 Øvre Standal er ein liten førekomst som består av tre avskilte avsetningar med toppflate på 20-30 m o.h. Kommunen nytta tidlegare noko masse herfrå til veggrus. Det finst truleg òg ein del sortert sand, grus og stein i elvesletta. Førekomsten kan vere viktig til lokalt bruk, sjølv om det ikkje er massetak i han i dag.
Førekomst 12 Osøyra er eit elvedelta bygd opp av sortert sand, grus og stein. Det ligg eit massetak i sporadisk drift i området. Massane kan være aktuelle til lokale formål.
Førekomst 8 Litle Høydal er ein liten elveterrasse, med flate 30 m o.h der noko masse er utteke noko masse. Sjølv om han er liten kan førekomsten være ein ressurs til lokal bruk.
Dei andre sand- og grusførekomstane i kommunen blir vurdert som lite viktige.

Ressursknapphet på sand og grus og krav til byggeråstoff gjer at pukk frå fast fjell brukast i stadig større grad til forskjellige formål. I alt 12 førekomstar av pukk er registrert, prøveteke og analysert i Flora kommune. Mellom desse er eit pukkverk i drift, eit i sporadisk drift, to nedlagte steinbrot, fire typelokalitetar av pukk som er undersøkt med tanke på framtidige uttak og fire mulige framtidige uttaksområde.
Ein av dei 16 blir rekna som ein særs viktig førekomst. Det er førekomst 508 Seljestokken, kor det blir produsert store mengder pukk som blir skipa til Nederland. Bergarten er ein sandstein, og mekaniske analysar har vist at han er godt egna til bruk i vegar på kontinentet. I tillegg til å være særs viktig i kommunen, blir den også vurdert til å være nasjonalt viktig.
2 uttak er vurdert til å være viktige.
Ved 516 Purkehola blir det sporadisk teke ut stein i samband med ei kommunal søppelfylling. Bergarten er en bånda gneis, men det finst også gangar av hardare, diabasaktige bergartar i området.
502 Rabben er eit mogleg uttak i framtida. Bergarten som førekomsten inneheld er ein mylonitt. Bergarten syner gode mekaniske kvalitetar. Området verker godt egna for dagbrotsdrift, med kort avstand til sjø.
Dei andre førekomstane er vurdert til å være lite viktige eller ikkje vurdert. I tillegg til dei registrerte førekomstane, blir det sporadisk også teke ut massar i samband med tomtesprenging på Fjordbase sitt anlegg på Botnaneset nær Florø sentrum. Dette uttaket er å rekne som av midlertidig karakter, så det er ikkje teke med i denne vurderinga. For den lokale forsyninga av råstoff til Florø sentrum er likevel uttaket viktig.
Frå Flora kommune blir det eksportert pukk til Nederland. Det lokale forbruket av pukk blir dekka av Purkehola og masse frå Fjordbase og andre anleggsprosjekt, i tillegg til litt import. Når det gjeld sand og grus, finst det litt ressursar, men kommunen må vere budd på å importere slike massar når det trengst.


Denne utskriften ble generert 04.05.2024
Spørsmål eller kommentarer vedrørende utskriften kan sendes til:
ressursdatabaser@ngu.no
Copyright © 2024 Norges geologiske undersøkelse