Gjøre oppslag i Grus-, Pukk- og
Steintippdatabasene

Fylke : Sogn og Fjordane (14) Velg et annet fylke
Kommune: Bremanger (1438) Velg en annen kommune


Ressursrapport pr.20.04.2009


Byggråstoffsituasjonen

Bremanger kommune er fattig på sand og grusressursar, men har samtidig særs gode ressursar som kan brukast til pukk. I alt er det registrert 28 sand- og grusførekomstar i kommunen. Av desse er 8 berekna til samla å innehalde 1.5 millionar m3. Dei andre inneheld òg sand og grus, men på grunn av at dei enten er tynne, at arealet er vanskeleg å vurdere eller at innhaldet av sand er høgt, er volumet ikkje berekna. Av dei 28 førekomstane er 9 små sand- og grusførekomstar, 2 førekomstar av ur/skredmassar og 16 steintippar. Mange av førekomstane er bandlagde av dyrka mark og hus. Berre 2 sporadiske uttak av grus er registrert i 2007.
Av ulike årsaker er dei mengdene som kan brukast som råstoff, langt mindre enn det totale volum. For å få et meir realistisk bilde over mengda ressursar som kan bli utnytta har NGU utarbeida ein modell for berekninga av forekomstenes totale og utnyttbare volum. Ved bruk av denne modellen for vil dei mengdene som kan nyttast til byggetekniske formål være ca. 1,2 mill. m3, ein reduksjon til ca 77 %.
Eit mål i forvaltninga av grus- og pukkførekomstane er å sikre tilgangen til desse ressursane i framtida og hindre at viktige førekomstar blir bandlagte av arealbruk som gjer framtidig utnytting umogleg. For å skilje mellom førekomstane, og gi et faglig grunnlag for kommunen si handsaming av grus og pukk i arealplanarbeidet, har NGU vurdert førekomstane og gjort ei klassifisering av kor viktige dei er i forsyninga av byggeråstoff. Førekomstane er klassifisert som særs viktige, viktige, lite viktige og ikkje vurdert. Oversikt over grusforekomster og pukkforekomster viser førekomstane i kommunen og kor viktige dei er som ressurs for råstoffutvinning. I kartdatabasen er førekomstane skilt med fargesymbol.
Ingen sand- og grusførekomstar er vurderte til å være særs viktige i Bremanger kommune. 7 sand- og grusførekomstar er klassifisert som viktige i forsyninga av sand og grus i kommunen.
Førekomst 7 Indrehus er den største grusførekomsten i kommunen. Området består av fire terrasserestar, avsett/erodert av fire elvar. Det finst ikkje gode snitt i førekomsten, men eit par utrasingar viser sorterte massar, som er nokså grovkorna. Steinmaterialet er runda. Vegvesenet opplyser at steinmaterialet er av svært god kvalitet med omsyn på slitestyrke. Nærast fjorden er botntilhøva usikre.
Førekomst 27 Dalevatnet er eit område med tynne soner av sand og grus nedst i Tungedalen. Området inneheld botnmorene, strandvoll og skredavsetningar frå Ulveskaret. I strandvollen er det to små uttak i grusig sand, ca. 4 meter høge og med 20x30 meter areal. Uttaka er i sporadisk drift. Førekomsten er ikkje volumberekna, men kan være viktig for lokale uttak.
I tillegg er 5 ikkje volumberekna steintippar vurderte til å være viktige lokalt. Dei andre førekomstane i kommunen blir vurdert som lite viktige.

Ressursknapphet på sand og grus og krav til byggeråstoff gjer at pukk frå fast fjell brukast i stadig større grad til forskjellige formål. I alt 16 førekomstar av pukk er registrert, prøveteke og analysert i Bremanger kommune. Mellom desse er eit pukkverk i drift, eit i sporadisk drift, to nedlagte steinbrot, to typelokalitetar av pukk som er undersøkt med tanke på framtidige uttak og 9 mulige framtidige uttaksområde. Tre av dei 16 blir rekna som særs viktige førekomstar.
Ved førekomst 515 Dyrstad produserer Dyrstad quarry store mengder pukk som blir skipa til Nederland. Bergarten er ein sandstein, og mekaniske analysar har vist at han er godt egna til bruk i vegar på kontinentet. I tillegg til å være særs viktig i kommunen, blir den også vurdert til å være nasjonalt viktig.
510 Skipperdalen er eit mogleg uttak i framtida. Bergarten som førekomsten inneheld er ein trondhjemitt. Bergarten syner gode mekaniske kvalitetar. Området verker godt egna for dagbrotsdrift, med god skjerming og kort avstand til sjø. I tillegg til å være særs viktig i kommunen, blir den også vurdert til å være nasjonalt viktig.
514 Gulestø er eit mogleg uttak av sandstein i framtida. Det er teke prøvar med gode mekaniske eigenskapar i sandstein sør for Frøysjøen. I tillegg til å være særs viktig i kommunen, blir den også vurdert til å være nasjonalt viktig.

Fleire førekomstar er vurdert til å være viktige. Det gjeld:
509 Nesbø: er ein førekomst av sandstein med gode eigenskapar. Det aktuelle området ligg i ei dalskråning ved Trælvikfjellet. Ved utvikling av eit steinbrot er det mogleg med god skjerming, og avstand til sjø er gunstig.
Førekomst 512 Hjellen er også ein førekomst av sandstein. Det blir noko vanskelegare med skjerming, men også her vil havnetilhøva være gode.
502 Smørham steinbrot, er eit steinbrot med sporadiske uttak av trondhjemitt. Steinen er brukt som blokkstein, men området kan også egne seg til uttak av pukk.
516 Gotraneset er ein trondhjemittførekomst som kan være av interesse på sikt, men som i dag er lite aktuell for uttak.
Bremanger kommune er ein stor eksportør av pukk og har føresetnader for å bli anda større. Sandsteinen som det er størst interesse for, finst i store deler av Bremanger kommune. Gjennom fleire år har desse bergartane kartlagt med mål om å finne egna stader å ta ut pukk. I tillegg til dei plassane som er vurdert som viktige, vil lokale omsyn som t.d. uttak av massar frå framtidige tunellar kunne spille ei rolle for den lokale forsyninga.


Denne utskriften ble generert 04.05.2024
Spørsmål eller kommentarer vedrørende utskriften kan sendes til:
ressursdatabaser@ngu.no
Copyright © 2024 Norges geologiske undersøkelse