GRUSDATABASEN

Forekomstområde 167038
Skjervøy (5542) kommune, Troms fylke.
Navn på forekomstområdet: Haukøysundet
(Sist oppdatert 01.sep.1997)

Råstoffbetydning* : Ikke vurdert *Råstoffbetydning: Klassifikasjon per 2015, er under revisjon.
Materiale : Sand og grus
Mer informasjon :
Vis alle forekomstdata

Beskrivelse av forekomsten
Markert morenerygg ligg i vestsida av sundet mellom Haukøya og fastlandet. Ryggen er meir enn 35 m mektig. Maksimalt vassdjup over ryggen er 34 m. Sørspissen av Haukøya er ein lausmassetange med mykje utvaska stein og blokk. Dette tyder på at ryggen i hovudsak er bygd opp av morenemateriale. Vi ser heller ingen skrålagning på seismikken som kan indikere sorterte massar.

Ryggen er trekt ut som ein mogleg førekomst for uttak av lausmassar anten bulk eller ved vasking. Ryggen kan innehalde mykje blokk som gjer det vanskeleg å ta ut massar. Det blei ikkje tatt prøver. Arealet av ryggen er ca 480000 m2 med ei gjennomsnittleg høgde på ca 15 m og omtrentleg volum 7.2 mill. m3. Volum av utnyttbare massar er usikkert.


Faktaarket ble generert 26.04.2024

Spørsmål eller kommentarer vedrørende faktaarket kan mailes til:
ressursdatabaser@ngu.no
Copyright © 2024 Norges geologiske undersøkelse