GRUSDATABASEN

Forekomstområde 167044
Tromsø (5501) kommune, Troms fylke.
Navn på forekomstområdet: Ersfjorden
(Sist oppdatert 01.sep.1997)

Råstoffbetydning* : Ikke vurdert *Råstoffbetydning: Klassifikasjon per 2015, er under revisjon.
Materiale : Skred, forvitring
Mer informasjon :
Vis alle forekomstdata

Beskrivelse av forekomsten
Fem skredvifter ligg i sjøen under Hollendaren/Skamtinden på nordsida av Ersfjorden, dei to største ved Sandbakken mellom Myrnes og Revbugneset. Viftene er danna delvis av bekkar og delvis av snøskred. Dei seismiske registreringane, som er innsamla, dekkjer berre delvis viftene, men vi ser at vifta ved Sandbakken har lagdeling og mektigheit over 10 m. Viftene må ha ein del sortert materiale i fraksjonar som let seg pumpe ut, men kan også innehalde ein del blokk og stein som gjer det vanskelegare å ta ut massar. Den lokale berggrunnen er granitt/granodioritt og tilseier at massane i desse viftene truleg har sterke korn. Uttak av massar vil gi liten erosjon i strandsona.

Fleire lokale brear har gått ut frå botnar på sørsida av fjorden og ut i sjøen. I Kroken og Storsteinnesvika og kanskje ved Gammelgårdneset og Skardelvneset går det ryggar ut i sjøen som kan innehalde sorterte massar. Bergartsmaterialet vil mest sannsynleg vere granittisk/granodiorittisk. Ryggane ligg såpass grunt at det var vanskeleg å få gode seismiske registreringar over dei. Ryggen utanfor Kroken har sannsynlegvis det beste potensialet for uttak av massar. Uttak kan føre til erosjon innover land.


Faktaarket ble generert 26.04.2024

Spørsmål eller kommentarer vedrørende faktaarket kan mailes til:
ressursdatabaser@ngu.no
Copyright © 2024 Norges geologiske undersøkelse