GRUSDATABASEN

Forekomstområde 167070
Lyngen (5536) kommune, Troms fylke.
Navn på forekomstområdet: Strupen, i sjøen
(Sist oppdatert 01.sep.1997)

Råstoffbetydning* : Ikke vurdert *Råstoffbetydning: Klassifikasjon per 2015, er under revisjon.
Materiale : Sand og grus
Mer informasjon :
Vis alle forekomstdata

Beskrivelse av forekomsten
Strupen er ein kort, skålforma og hengande dal i forhold til Lyngenfjorden. Dalgropa er delvis fylt opp av ei vifte av materiale som blir avsett i sjøen frå Strupebreen. Elva frå breen ned til vifta går i ein foss og vil ha veldig vekslande vassføring alt etter årstid og smeltinga av breen.
Vifta er bygd ut til ca 600 m frå fjellveggen og skrår slakt til marbakken som står bratt med eit fall på ca 12 grader ned til vassdjup på ca 45 m. Elvemunningen vil ha flytta seg langs kanten og det grovaste materialet vil alltid bli avsett utanfor sjølve munningen og i topplaget av vifta. Grovt materiale er blotta i elveskjeringa og framom munningen av elva. Dette saman med at fint materiale draperer over marbakken (P9706151 10 m vassdjup) gjer det svært sannsynleg at vifta vil ha stor veksling av grovt og fint materiale. Generelt vil dei øvste 10-20 m av vifta vere grovare enn dei djupare delane. Dei seismiske reflektorane viser at det skjer utglidningar langs fronten av vifta.

Vifta utgjer ein mogleg førekomst for uttak av sortert materiale. Det er tatt to prøver utanfor vifta. Prøve 9706150 som er tatt utanfor elvemunningen på vassdjup ca 15 m eller litt djupare, inneheld meir enn 75% sand og grus og ca. 25% silt og leir. Sanden inneheld lite eller ingen glimmer. Prøve 9706151 som er tatt på eit vassdjup på rundt 10 m eller litt djupare, inneheld meir enn 75 % silt og leir. Dei øvre 10-20 m av vifta vil truleg innehalde utnyttbar sand og grus med gunstig mineralsamansetjing. Det kan vere stor veksling i korngradering med tjukke silt benkar inne mellom meir grusige lag, og kanskje meir finmateriale inn mot berget på begge sider av bukta. Den avmerka førekomsten dekkjer eit areal på 70000 m2 og med ei gjennomsnittleg tjukn på 15 m vil den ha eit volum på 1050000 m3. Kor mykje av massane som kan nyttast er usikkert. Med tanke på uttak vil øvre del av marbakken vere best eigna. Uttak kan føre til erosjon innover land.


Faktaarket ble generert 24.04.2024

Spørsmål eller kommentarer vedrørende faktaarket kan mailes til:
ressursdatabaser@ngu.no
Copyright © 2024 Norges geologiske undersøkelse