GRUSDATABASEN

Forekomstområde 167168
Kvænangen (5546) kommune, Troms fylke.
Navn på forekomstområdet: Isfjorden
(Sist oppdatert 16.des.1999)

Råstoffbetydning* : Ikke vurdert *Råstoffbetydning: Klassifikasjon per 2015, er under revisjon.
Materiale : Grus med andre løsmasser
Mer informasjon :
Vis alle forekomstdata

Beskrivelse av forekomsten
Ein lausmasseakkumulasjon har hopa seg opp inst i fjorden der smeltevatn munnar ut under Øksfjordjøkelen. Forma på akkumulasjonen kan tyde på is og snø frå breen rasar ned på deltaet som blir bygt ut av smeltevasselva. Det ligg svære steinblokker på overflata av avsetjinga. Ekkoloddregistreringar langs dei seismiske profillinjene viser at lausmasse-akkumulasjonen har relativt bratt front ned mot djupare vatn. Seismikken er vanskeleg å tolke, men det synest generelt å vere 25 m eller meir ned til fjelloverflata. På vassdjup større enn 60 m synes det å ligge eit relativt tjukt dekke av finkornige massar (silt og leir). På båe sider av fjordbotnen går skredvifter ut i sjøen.

Avsetjinga under breen og deler av skredviftene er ein mogleg førekomst for uttak av sorterte massar. Prøvene P9706158 og P9706159 viser at det ligg grusig sand ned til minst 15 m vassdjup, men at parti kan ha meir silt. I prøve 9706160 fekk vi berre opp nokre få gruskorn. Grabben trengde ikkje ned i massane eller lukka ikkje skikkeleg på grunn av steinar i kjeften. Massane inneheld truleg ein god del stein i overflata.

Bergarts- og mineralinnhald i prøvene 9706158 og 9706159 viser restar etter "sterke" bergartar som gabbro, grønstein, amfibolitt og kvartsitt. Det er lite glimmer i prøvene. I rapporten er det laga eit generalisert djupnekart og avmerka lausmassetypar med antatt minimumsmektigheit i tre punkt. Dei djupare delane av både skredmassane og deltaavsetjinga vil sannsynlegvis vere ganske finkornige På vassdjup grunnare enn 20 m er massane truleg sandige eller grusige. Det ligg mykje store blokker på overflata av deltaet som tyder på at det er stor variasjon i korngradering av massane. Førekomsten avmerka på kartet dekkjer eit areal på ca. 200000 m2 og har ei gjennomsnittleg mektigheit på 15 m som tilseier at den har eit volum på 3 mill. m3. Kor mykje av massane som kan nyttast er usikkert. Med tanke på uttak vil øvre del av marbakken vere best eigna. Uttak kan føre til erosjon innover land.


Faktaarket ble generert 29.03.2024

Spørsmål eller kommentarer vedrørende faktaarket kan mailes til:
ressursdatabaser@ngu.no
Copyright © 2024 Norges geologiske undersøkelse