|
Avsetninga er bygd opp av vifter som er terrasserte og gjennomskorne av elva. Det er vanskeleg å få oversikt over materialet. Fleire snitt viser sortert og lagdelt sand, grus og ein del stein. Andre snitt viser morenemateriale. Mot sjøen er det også meir finstoff i botnen. Inntrykket er at det ligg større og mindre mengder med noko sortert materiale over morenemateriale. I visse parti har skredmateriale blanda seg inni dei andre massane. For det meste fyllmasseressurs. Fallprøven viser dårleg kvalitet med omsyn på mekanisk styrke. 2008: Førekomsten er meir eller mindre nedbygd. |