|
Randavsetning som skil Hestadfjorden og Viksdalsvatnet. I sør er ryggen gjennomskoren av elvestraumen. Den er 460 m lang og opp til 40 m brei og hevar seg 5-6 m over vassflata. Både på nord- og sørsida av ryggen er det horisontale flater bygd opp av sortert materiale. Borekjerner som A/S Geoteam har teke viser at ryggen ligg på ein terskel og at det er fra 7 m til 20 m med lausmateriale over. Dette materialet er i dei øvste 4-5 m dominert av sand og grus. Under er det finsand og silt. 2007: Området er verna som landskapsvernområde, og uttak er uaktuelt. |